Undervisning
Vi har som målsetting å lære elevane om livet i Sognefjorden. Har ein tid og det passar inn i læreplanen er det bra om klassen går gjennom heftet i marinbiologi som vi sender ut på førehand. På leirskulen får elevane praktiske oppgåver ute i naturen.
Plankton og hai
Vi tek planktonprøvar som elevane får sjå på storskjerm. Vi undersøker fjøresona med trål og ruser. Vi set trollgarn og sildegarn. Og for å sjå kva som finst på 3-500 meters djup, set vi djupvassline med 100 krokar. I løpet av veka får elevane eit godt inntrykk kava som finst av liv i fjorden frå overflata og ned mot botnen.