Innkvartering
Vi har ein romsleg bygning for elevar og lærarar. Alle romma våre har nyoppussa bad og dei fleste har veranda med utsikt over Sognefjorden. Til elevane har vi 3 tosengs rom, 12 rom med fire køysenger, 3 av desse har sovesofa slik at det ved behov kan bu fem elevar. Til lærarane har vi 5 enkeltrom. I tillegg har vi eit hus like ved der det i første høgda er to elevrom med fire senger kvar og lærarrom i andre høgda.
Opphaldsrom
I 2.etasje har vi matsal og lærarrom med tv og data med internettilkopling. I første etasje er der eit stort aktivitetsrom der elevane oppheld seg om kveldane. Her er det biljard, bordtennis, lufhocky og fotballspel. I tillegg er der eit stort dansegolv med diskolys og musikkanlegg. Dersom elevane har planlagt underhaldning/ leikar tek ein det her.