Vik i Sogn Hopperstad stavkyrkje er truleg bygd i andre halvdel av 1100-talet. Vestportalen høyrer til det ypparste innan middelaldersk treskrud i Noreg. Motiva er heilt romanske,noko som er kjent frå europeisk kunst. Hove Steinkyrkje. Nydeleg kyrkje frå omlag 1170. Den eldste steinkyrkja i Sogn, og vel verdt ei vitjing.
Fritjovstatuen på Vangsnes. Eit landemerke som ruvar 27 meter over bakken. Statuen er ei gåve frå Keisar Wilhelm II, og ligg i ein vakker park med fritt utsyn over Sognefjorden