Natursti
I skogen over grunnskulen er eit nett av spanande turstiar. I mange ulike sløyfer går godt opparbeidde stiar frå skulen og ut til Granlia Her kan ein nyte skogsfreden og utsikt over bygda og fjorden. Stien er grusa, drenert og tilrettelagd med trappetrinn og bruer.
Den første runden på 1,2 km ved skulen har mange ulike tavler der ein kan finne informasjon om treslag og dyreliv i skogen. Informasjonen er på norsk, engelsk og tysk.