Fjærlandsfjorden
Fjærlandsfjorden - idag ei idyllisk perle mest utan fast busetnad - for nokre år sidan livsnerva som knytte mange levande bygdelag samen, Fjellgarden Tenningåsen var rekna som ein storgard, Men for å kome til skulen måtte ein gå over fjellet til Eitorn, Til butikken, først ned 320 meter den bratte stien til fjorden, deretter i robåt 4 km. Hammarsnes, Romøyri, Teigen og Lidal, namn med historiar om eit anna liv berre ein mannsalder borte.
Turen inn Fjærlandsfjorden er vakker og spesiell
Norsk Bremuseum er ei ideell stifting som samlar, skaper og spreier kunnskap om snø, is og brear. I Bremuseet kan du gjere eigne eksperiment med ekte bre-is, få svar på spørsmål som «Kvifor er isen blå?», «Kva er ein bre?», og sjå lvo Caprino sin panorama-film om Jostedalsbreen.
I Fjærland kan du også besøke Den norske bokbyen som har eit rikt utval av brukte bøker