![]() |
![]() |
||||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
I arboretet på Lunde finn ein i dag rundt 130 ulike artar av tre og busker frå heile verda. Fire ulike tre er målt til å vere dei største i verda på denne breiddegraden. Grunnen er Golfstraumen som fører med seg mild og fuktig havluft. Trea vart planta av sokneprest Sverdrup i 1850-åra.Lunde er prestegarden i Balestrand prestegjeld.
Sverdrup var mykje interessert i hagebruk. Han bygde opp ein mønsterhage. Gjennom åra har det og vorte planta mange utanlandske tresortar på Lunde. I dag er den gamle prestehagen arboret.
|
Ved stranda er ein fint tilrettelagt offentleg badeplass. Eit godt tips er å gjere strandhogg her med robåt frå Sognefjord akvarium. Emaljeverkstaden ligg eit kvarters gåtur over arboretet.Her kan du følgje produksjonsprosessen og kjøpe vakre Balestrandsouvenirar .
|
|