Alt du treng vite om Sognefjorden
Sognefjord Akvarium har eit innvendig areal på 700 m2. Her finn ein 24 ulike akvarium, planktonutstilling, modell av Esefjorden, filmsal og Galleri Munken �50 tavler med treskurd der fjordhistoria til Balestrand vert fortalt.
Sognefjord Akvarium er undervisningslokala til Kringsjå leirskule.
Sidan 1980 har skuleelevar frå heile Sør Noreg kome hit for å studere livet i Sognefjorden. Dei tek prøver av fjorden, fiskar med ruser, garn og djupvassline. Fangstane vert nytta til å supplere og halde ved like alle tankane og akvaria. Alt det de finn er såleis fanga av elevar ved leirskulen som del av eit undervisningsopplegg.