Fisk og sjødyr.
Terskelen ved utløpet skapar spesielle levevilkår for fisk og dyr i fjorden. Salt havvatn legg seg på botnen medan brakkvatn legg seg som eit lokk på overflata. Dette dempar omrøringa i fjorden og planktonmengda vert langt mindre enn den er i havet utanfor. Men alle dei vanlege fiskeslaga som finst i Norskehavet finn ein også i fjorden. anemoner og pigghudingar.
Enkelte år kan det vere store brisling-,sild- og makrellstimar. Dette trekk til seg andre fiskeslag som sei, lyr og pigghå. I fjorden utanfor Balestrand beitar også ein flokk niser (den minste kvalen vår) på brislingen og silda. Ein sjeldan gang kjem her også spekkhoggar på besøk. Elles finn ein i rikt mon piggfinnefiskar som blåstål, berggylt, bergnebb og grøngylt. Her er også rike førekomstar av krepsdyr,